Mandag
Prosjektplanen vart godkjent, men der var eit par spørsmål til konseptet og tidsplanen. Det var akkurat angåande det eg var litt usikker på eller skulle ha forbedra.
Eg starta å lage ei finare skisse og tenkte ut kor long tid animasjonsfilmen ville vare. Etter å ha fjerna karakterane ut av konseptet og bytta til ei midlertidig avsluttning der melonen treff gulvet i leikehytta og fær utover heile leikehytta, kom eg fram til at den ville vare omtrent 30 sekund +-. Eg skulle sikkert ha hatt nokre fleire kjedereaksjonar, men eg kom ikkje fram til nokon. Kanskje om eg kjem på ei god avsluttning? Eg tenke kanskje å høyre om dei på studieforumet har eit tips eller ein idè.

Skisse
Eg begynte på modelleringa av bilen og handlevogna. Det gjekk ganske greit. Når det gjaldt bilen var eg litt usikker på kor mykje detaljar eg skulle ha med, kor realistisk den skulle vere. Eg kunne ha lasta ned ein ferdig 3d-modell, so muleg eg brukar det istaden dersom eg finn ein med ei opa bagasjeromdør.
Tirsdag
Eg modellerte ketshupflaska og handlevogna + sikkert noko anna som eg ikkje huskar no, hehe.

Handlevogn
Onsdag
Eg modellerte trampolina, leikehytta, huset og spisebord m/stolar. Huset og spisebordet m/stolar henta eg frå tidlegare oppgåver, men gjor eit par endringar på det.

Trampoline

Leikehytte
Eg søkte på Internett for å finne om der var nokre gratis 3d-modellar eg kunne bruke i oppgåva mi og fann ein kjøkkenkniv:) Dessverre var ikkje grill-modellane som passa til oppgåva gratis.
Torsdag
Eg modellerte melonen, grillen og noko av omgivelsane i oppgåva.

Grill
Melonen sin tekstur er eg litt usikker på korleis eg skal lage. Eg prøvde å berre bruke Map id, men teksturforma vart veldig pixel-aktig, hehe. Trur eg må finne ei anna løysing!

Test-melon
Hekken var litt vanskeleg å få til. Der var eit problem med hekken som Position i Particle view. Når eg rendrar blir partiklane plassert eit stykke bak hekken (position), altso ikkje akkurat der hekken er. Dette var rart syns eg og fann ikkje noko løysing på det, so det må eg kome tilbake til.
Fredag
Modellerte ferdig bilen og møblane i leikehytta (to stolar, eit bord og ei hylle). Eg tok utgangspunkt i spisestue-møblane og ei hylle som eg har laga tidlegare.
Tekstureringa kom eg ikkje so longt med. Det er vel den litt meir detaljerte tekstureringa som er igjen.