Obligatorisk oppg.1 – Veke 4

Mandag

Lyssetting og teksturering

Tirsdag

Lyssetting og teksturering

Onsdag

Lyssetting og teksturering

Eg har laga tekstur til gulvflisane. Brukte tiling for å få rett størrelse.

Torsdag

Lyssetting og teksturering

Eg har laga tekstur til taket. Brukte tiling for å få rett størrelse og bumpmap for å få litt dybde i det. Bump-mapen har eg ikkje testa ut enda.

Eg la merke til at kameravinkelen har vorte flytta på sidan i går. Eg trur det skjedde når eg ikkje lagra endringane som vart gjort sidan 3ds Max klikka litt med tanke på å flytte på ting, so vinkelen er ikkje korrekt enda.

Eg har ikkje lagt på tekstur på peel-stolen og peel-krakken enda.

Lyssettinga er ikkje heilt korrekt den heller. Plasseringa av sola for å få dei same skyggane som på referansebildet var ikkje lett å få til. Nokre av skyggane stemme no, men den på kjøkkenventilatoren stemme ikkje. I tillegg er renderen litt kornete.

Slik ser renderen ut for øyeblikket:

Render

Testrender

Etter ny render:

Render

Render

Fredag

Lyssetting

Begynte på stemningsbildet ved å kopiere 3ds max-fila med dagslys. Eg flytta litt på sola slik det blei mørkare inne og deretter endra eg på enviroment map til ein mørke dus blåfarge. Etter å ha endra på Exposure Control (EV til 2, Highlights burn til 0,25 og Whitepoints til 4500) kom eg fram til at eg ville begynne å legge til innelyset før eg bestemte meg for kor mykje sola skulle skine inn.

Eg la til nokre spottlys i taket, men kom på at spottglassa ikkje kjem til å vise. Tanken var då å legge på Self Illumination på glasset, men eg kom på at då blir det på alle lysa og då blir det feil. Eg måtte evt. lage eit glassmateriale til. Dermed tenkte eg at eg kanskje kunne ha på spotlysa mot gangen sidan det ikkje blir mot dei nedanfrå. Eg syns det var fint med kjøkkenspottane på, men det er ikkje nødvendig for stemninga sin del. Det var kjøkkenbordlampane som ga best stemning.

Render av stemningsbildet slik det er no:

Render

Render

Skyggane frå spisebordlampane er for mørke, so det skal ordnast. Elles er kvaliteten på renderen ikkje so høg sidan det er berre ein testrender.

Etter å ha tenkt litt so kom eg på at det ikkje er noko særleg med sol etter kl. 20 på ein kveld, so eg valte å ikkje ha sol, berre Mr Sky Portal og Mr Sky.

Laurdag

Render

Render

Modellere det som ikkje har vorte ordentleg modellert enda.

Søndag

Endeleg render!
Dessverre fekk eg ikkje til å fjerne alle prikkane i bildet etter å ha prøvd det meste av innstillingar i FG. So eg er ikkje fornøgd med resultatet.

Eg fekk so klart eit problem med å arkivere .max fila, dermed gjekk det med nesten 2 tima før eg klarte å arkivere fila. Dermed fekk eg mindre tid til å justere lyssettinga og fekk heller ikkje rendre på nytt at dagslysbildet. Stemningsbildet vart ikkje bra i det heile, mykje feil i lyset so det er ikkje vert å legge ut her.

Like før innleveringsfristen fekk eg også problem med pc-en, den var utruleg treig. Kor irriterande var ikkje det. Eg veit at det er lurt å vere tidleg ute å levere, men det klarte eg ikkje i dag pga. problema som oppsto:/ Leit.

Slik vart dagslysbildet mitt etter at eg hadde etterbehandla det litt. Igrunnen var det like greit utan etterbehandling, men eg leverte med. Er ikkje fornøgd, men det er da bedre å levere noko enn ingenting! Den svarte streken på flisane er eg ikkje sikker på kva den kjem av :/ Eg trur det kan vere ein skygge….

Render

Endeleg render etter etterbehandling

Advertisements

3 responses to “Obligatorisk oppg.1 – Veke 4

  1. No bjynde det å sjå bra ut vettu 🙂 gler mej til å sjå endelig render 🙂

  2. 🙂 ja, det kjem sej. ikkje heil realistisk enda, men håpe eg får det til.
    vi har fått helga å jobbe på også, slik det vart likt med tidlegare studentar…

  3. Tilbakeping: » 3d arkitekturvisualseringsoppgåva mi

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s