Category Archives: Fredagsteikning

Fredagsteikning 10 – Ansikt

I boka «Å teikne er å se» las eg om teikning av ansikt. Vi skulle teikne grunnforma til ansiktet. Eg lærte ein del nytt, spesielt i forhold til plasseringa av munnen, halsen og lengda på nasa.

Teikning

Ansikt

Fredagsteikning 8

Det er ikkje lett å finne noko eg har lyst å teikne  og eg vil helst ikkje bruke so long tid på det, men noko må eg teikne….

Teikning

Lysestake med lys i

Fredagsteikning 7

Eg ville teikne noko som ikkje meir enn ein halv time, so dermed enda eg med å teikne ein liten blyantkvessar:)

Teikning

Blyantkvessar

Fredagsteikning 6

I boka «Å teikne er å se» skulle vi først teikne handa vår utan å sjå på arket, berre følge med på handa. Får sjå når eg vil sette av 30 minutt til det.

Deretter skulle vi teikne handa vår ved å å sjå på handa omtrent heile tida (bruke høgre hjernehalvdel), berre sjå ned på arket for å måle avstand/proposjonane på linjane vi teikna. Eg trur det er ca. den måten eg brukar å teikne på, so eg legge ved hand-teikninga eg teikna for to år sidan.

Fredagsteikning

Hand teikna for to år sidan

Fredagsteikning 5 – Diverse

Når eg las i boka «Å teikne er å se» skulle eg teikne eit ansikt i profil. Det skulle bli som ein vase eller to ansiktsprofilar til slutt. Eg starta med å teikne ganske kjapt ein ansiktsprofil. Det var litt interessant å legge merke til korleis høgre og venstre hjernehalvdel tenke når ein teiknar.

Teikning

Teikning

Deretter skulle vi teikne ein monsteraktig ansiktsprofil for å bli litt meir vant til å skifte mellom venstre og høgre hjernehalvdel.

Teikning

Teikning

Vi skulle teikne eit bilde som var snudd opp ned.

Teikning

Teikning

Teikning

Teikning korrekt vei

Det vart tatt opp i boka at ein teiknar bedre når ein snur bildet ein skal teikne opp ned.  På den måten er ein ikkje so opptatt av kva ein teiknar, men meir opptatt å teikne kvar ekelte strek i teikninga. Dersom ein lar vere å tenke på kva det er for noko, men teiknar berre kvar enkelt strek opp i mot dei andre strekane so skal ein klare å teikne mykje bedre.

Eg har igrunne visst at ein kan teikne bedre når ein snur teikninga opp ned. Det har eg prøvd tidlegare når eg har teikna eit menneskeansikt. Ved å snu det opp ned ser ein lettare om proposjonane er feil for ein ser kvar enkelt strek bedre og i samanheng med resten utan at ein ser på delane som «det er ei nase» osv.

Eg lærte kva det vil sei å teikne med venstre halvdel og å teikne med høgre halvdel. Tidlegare har eg også teikna med høgre halvdel, og no la eg merke til at venstre halvdel av og til vil ta over og ser på kva det er eg teiknar innimellom. Det å teikne med høgre halvdel gjer at teikninga blir mykje meir nøyaktig og dermed meir lik det eg teiknar.

Fredagsteikning 4 – Sko

Eg tenkte eg like gjerne kunne bruke teikningar av ein sko som eg teikna for 2 år sidan.

Skoen var for det meste svart so det vart lagt kjapt litt farge på den. Huskar eg rett brukte eg ein svart fargeblyant. Elles laga eg litt skugge rundt skoen. Eg har den berre i liten versjon no sidan dei er komprimert for ei heimeside eg hadde.

Fredagsteikning

Fredagsteikning 4

Fredagsteikning 3 – Blyantkvessar

Her kjem den 3. fredagsteikninga mi. Eg syns det var vanskeleg å finne noko å teikne som ikkje tok so long tid, og enda dermed opp å teikne blyantkvessaren min 🙂 Eg følte for å teikne noko som ikkje var so veldig krevande dinne gongen.

Eg teikna den medan eg satt å såg på I gode og onde dager, so eg brukte vel kanskje 30 minutt på teikninga.

Fredagsteikning 2 – Portretteikning

Eg lurte litt på kva eg skulle teikne. Dette er andre fredagsteikninga mi, den første eg skulle teikne når eg følgje boka Å teikne er å se. Når eg er ferdig med boka skal eg sjå tilbake på korleis eg teikna tidlegare og om ein ikkje er ekstremt flink å teikne frå før skal ein ha vorte ein god del flinkare og kanskje endra måte å teikne/sjå ting.

Eg valte å teikne han i Twilight fordi eg ville teikne ei portretteikning og det måtte bli av ein kjendis. Teikninga brukte eg ca. 2 timar og 15 minutt på. Det var ganske vanskeleg å få teikninga lik bildet! Det var behov for mykje skyggelegging og eg trur ikkje proposjonane eg teikna stemte heilt, men eg orka ikkje å bruke meir tid på teikninga. Om eg hadde hatt ein del meir skygge rundt kjeven trur eg teikninga hadde vorte ein god del bedre. Håret vart berre hurti skissa ned, so det veit eg ikkje vart likt. Eg trur augane vart litt for store og kjeven stemme nok ikkje heilt. Munnen teikna eg ikkje så nøye.

Teikning

Teikning

Teikning

Referansebilde som eg brukte zoom på:

Referansebilde