Daily Archives: 22/10/2010

Oppgåve DABAS 2 – Modellering dag 1 og 2

Oppgåve DABAS 2 bestod av å lage eit Briotog med togbane.

Vi skulle bruke Standard Primitives for å lage objekta. Det var valfritt å bruke materiale og lys i dinne oppgåva (vi har ikkje hatt om det enda).

Her er bildane eg brukte som referanse:

Briotog

Briotog. Foto frå familiebutikken.no

Briotog

Briotog. Foto frå thelittlehencompany.com

 

Her er Briotoget mitt etter første render:

Tog

Briotog render

Eg fann ut at eg ville bruke litt meir tid på toget slik det vart litt likare referansebildet so her er resultatet:

Briotog render

Briotog render

Briotog render

Briotog render

Dag 1: Eg starta på dinne oppgåva på fredag sidan eg har vore litt opptatt. Eg starta med å lese leksjonane og videoane som høyrte til. Deretter leitte eg etter referansebilde på Internett. Der fann eg eit par og ein fin video av eit Briotog.

Eg har holdt på lenge i dag for å ta igjen litt arbeidet, sidan eg er litt treig av meg til å bestemme korleis ting skal vere brukar eg enda lengre tid. I tillegg var det monge funksjonar å sette seg inn i og bli meir vandt med 3ds Max.

So dag 1 har eg gjort nesten ferdig førarhusvogna, laga ei vogn og begynt på togskinna. Togskinna er kanskje litt vanskeleg å lage, men der er sikkert noko lurt ein kan gjere som eg ikkje veit om:/….

For å lage vognane brukte eg Standard primitives og Cylinders. Cylinders splica eg for å berre bruke halve. Eg brukte Clone -Copy for å lage ei ny vogn og endra den til den størrelsen eg ville ha.

For å lage hjula brukte eg Clone – Instance slik at størrelsen endra seg når eg gjorde eit av dei større.

I oppgåva brukte eg FFD 3x3x3 – Control points, Edit poly – Edge – Chamfer for å lage former og Proboolean for utskjering.

Det tok litt tid å forstå seg på korleis eg skulle lage hjula. Eg såg på ein tilleggsvideo der det vart vist, men sidan eg teikna i veldig liten skala la eg ikkje merke til kva den eine funksjonen gjor, hehe. So der forsvann en long halvtime med prøving før eg fann problemet.

Fleire gongar forsvann gismoen slik eg måtte avslutte programmet, slette .ini-fila og starte programmet på nytt og endre unit setup. Det er ganske plagsomt og spesielt sidan det er viktig å huske å ha same unit setup….

Eit anna lite problem som dukka opp når eg skulle opne ei lagra fil var at eg ikkje fekk merka eit objekt og endra farge på det. Det som gjor det var at eg sto på eit anna layer. Det brukte eg heldigvis ikkje long tid på å forstå, berre eit par minutt..

Dag 2:

Eg starta med å gjere ferdig togskinna. Det tok litt tid, men eg klarte det:) Eg brukte eit cylinder og box for å lage togskinnefestet og hullet. For hullet laga eg dei litt større slik det vart litt mellomrom til der festet skulle plasserast. For å lage hullet brukte eg Proboolean.

Togskinna vart ikkje heilt som referansebildet sidan eg følte eg ikkje kunne bruke so mykje meir tid på oppgåva, men kanskje eg kan fullføre togskinna ein gong. Eg rakk ikkje å lage ei togskinne med sving, so kanskje eg lagar det ein gong eg får tid.

Etter eg var ferdig med togskinna begynte eg på dei siste togvognane. Eg var litt usikker på kor monge eg skulle lage, men enda opp med fire togvogne og to togskinne. Den siste togvogna vart ikkje heilt lik referansebildet sidan eg ikkje fekk tida til det.