Daily Archives: 19/11/2010

Fredagsteikning 5 – Diverse

Når eg las i boka «Å teikne er å se» skulle eg teikne eit ansikt i profil. Det skulle bli som ein vase eller to ansiktsprofilar til slutt. Eg starta med å teikne ganske kjapt ein ansiktsprofil. Det var litt interessant å legge merke til korleis høgre og venstre hjernehalvdel tenke når ein teiknar.

Teikning

Teikning

Deretter skulle vi teikne ein monsteraktig ansiktsprofil for å bli litt meir vant til å skifte mellom venstre og høgre hjernehalvdel.

Teikning

Teikning

Vi skulle teikne eit bilde som var snudd opp ned.

Teikning

Teikning

Teikning

Teikning korrekt vei

Det vart tatt opp i boka at ein teiknar bedre når ein snur bildet ein skal teikne opp ned.  På den måten er ein ikkje so opptatt av kva ein teiknar, men meir opptatt å teikne kvar ekelte strek i teikninga. Dersom ein lar vere å tenke på kva det er for noko, men teiknar berre kvar enkelt strek opp i mot dei andre strekane so skal ein klare å teikne mykje bedre.

Eg har igrunne visst at ein kan teikne bedre når ein snur teikninga opp ned. Det har eg prøvd tidlegare når eg har teikna eit menneskeansikt. Ved å snu det opp ned ser ein lettare om proposjonane er feil for ein ser kvar enkelt strek bedre og i samanheng med resten utan at ein ser på delane som «det er ei nase» osv.

Eg lærte kva det vil sei å teikne med venstre halvdel og å teikne med høgre halvdel. Tidlegare har eg også teikna med høgre halvdel, og no la eg merke til at venstre halvdel av og til vil ta over og ser på kva det er eg teiknar innimellom. Det å teikne med høgre halvdel gjer at teikninga blir mykje meir nøyaktig og dermed meir lik det eg teiknar.