Oppgåve DATEX 1 og 2 – Materiale

Først skulle vi legge tekstur på veggar, gulv og tak som vi laga i oppgåva DAMOD 2 og deretter legge på tekstur på møblane.

render

Datex 1

render

Datex 2

render

Datex 2

Dag 1:

Eg starta med å sjå på videoane til DATEX 1. Etterpå skulle eg legge tekstur på gulvet. Det var litt vanskeleg syns eg, men klarte å få rett størrelse på det etter ein del utprøving. Då vart det neste innerveggane tenkte eg, men det var ikkje lett. Eg prøvde meg på UVW mapping, men det var noko som ikkje stemte. Etter å ha prøvd ein del såg eg ein tutorial på You Tube og forsto kva problemet var! Eg hadde ikkje sett på ID og Map Channel på veggane. Dei måtte delast inn i forskjellege delar. Dette var då ein del av DATEX 2 videoane, so eg såg nokre av dei før eg begynte på veggane. Dermed gjekk alt mykje bedre, men eg sleit litt med å rett størrelse på materiale.

Dag 2:

Eg fann nokre teksturar på Internett. Deretter la eg på materiale på veggane og endra teksturet på gulvet. Det som var litt rart var at teksturen forma seg etter egde og ikkje polygong, so gulvteksturen vart inndelt i fleire sone. Eg la på tektur på vinduane og døra.

Dag 3:

Eg la på tekstur på dei fleste møblane og laga nokre små vegghylle og ei plante til stova.

Det var litt vanskeleg å legge tekstur på sofaen, men etterkvart forsto eg at slik teksturen såg ut i Wireframe var ikkje nødvendigvis slik den såg på ut på renderen. Teksturen såg igrunnen grei ut på dei fleste sofadelane, der var nokre som trengte UVW mapping.

Eg endra ein del på teksturen eg hadde hatt på eine veggen og dermed måtte eg endre gulvteksturen også slik dei sto meir i stil. Taket laga eg med Box og la på ein kvit Paint-texture, men då vart det som mykje lys at heile gulvet vart heilt kvitt med mykje lysrefleksjonar. Dette har eg planar om å finne ut av seinare. I mellomtida la eg på svart tekstur i taket.

Dag 4:

Eg såg på videoane om UVW unwrap, men følte ikkje heilt eg trengte å bruke det på objekta mine. Dermed prøvde eg det litt ut på eit fat, men det gjekk ikkje heilt som det skulle.

Eg laga to plante slik det vart litt meir «heimkoseleg», det var som tomt utan små interiørdetaljar.

Eg gjorde nokre små modelleringsendringar på sofaen min: Eg endra litt på Meshsmoothen på sofaen sidan den ikkje såg heilt bra ut med teksturen på. I tillegg forbedra eg litt utsjåanden på sofaen med å lage putane i litt meir korrekt størrelse.

Det tok litt tid å rendre i eit godt persektiv, men eg føle eg fann nokre greie vinkla til slutt.

Kommenter innlegget