UVW Unwrap øving

Eg følgte eine leksjonvideoen der det vart laga ein terning. Først laga eg ei Box og la på Bitmap. Deretter la eg på ein UVW Unwrap-modifier og trykte på Face og deretter Edit under Parameters. I vinduet som då dukka opp trykte eg Mapping – Flattern Mapping, og so valte eg Bitmap-bildet mitt i nedtrekkslista. Eg trykte på Face (i selection modes) heilt nede i menyen nederst ved vinduet og på Freeform Mode oppe i vinduet. Då kunne eg flytte på Box-sidane og skalere dei slik at mønsteret vart tilpassa inni sidane.

Det som tok mest tid var å finne eit bilde av ein terning på Internett slik eg visste kva tall som skulle vere på kva side.

Her er min terning-render:

render

Terningen min:)

Kommenter innlegget