Oppgåve DAMOD 2 – Modellering

Denne oppgåva besto av å lage eit rom med møblar. Tekstur og belysning var frivillig sidan vi ikkje har lært om det enda.

Render

Render av foreløpig planløysinga og møblering

Dag 1: Eg låg litt etter med arbeidet i DAMOD 1 so eg starta med å gjere ferdig skeia. Det gjekk ganske greit når eg endeleg fekk sett på forma til ei virkeleg skei.

Etterpå såg eg på leksjonane og videoane som høyrte til oppgåva og prøvde å lage ein vegg med hull til vindu og dør. Det gjekk bra, men etter å ha brukt Border slutta den funksjonen å virke, alt anna på Edit Poly fungerte. Det irriterar meg sidan eg treng å bruke den funksjonen. So eg får sjå om den virkar igjen i morga.

Eg gjor nesten ferdig stolane frå oppgåve DABAS 1 slik dei vart laga på ein bedre måte. Dermed vart det ikkje tid til å lage nokon anna møbel i dag.

Dag 2:

Eg starta med å finne eit referansebilde av ein sofa. På mobelringen.no fann eg ein sofa eg likte:

Referansebilde

Referansebilde

Eg prøvde deretter å lage ein sofa, men det vart litt feil framgangsmåte so eg fann ein sofa-tutorial på YouTube som passa veldig godt:) Då gjekk det mykje lettare. Eg har litt problem med å tenke logisk på kva måte eg bør bygge opp eit 3d-objekt på, so håper det bedrar seg når eg har fått laga nokre fleire objekt.

Eg kom borti eit problem når eg laga til ryggen og skulle rendre. Då kom det opp at line 00x mangla map connection. Det var litt rart sidan eg følgte tutorialen. Etter å testa litt fann eg ut at det var stolryggane som var line 00x so eg får ta å sjå på det etter sofaen, men der var fortsatt eit rederproblem pga vertexane på sofaen. Dermed bestemte eg meg for å gå for den sofaen på referansebildet over. Det tok litt tid å få den til. Eg brukte mykje tid på å få til MeshSmooth. Sidan eg hadde ei skråning på ryggen vart det vanskeleg å få til. Dermed gjor eg berre ferdig putane med Meshsmooth.

Eg har vertfall fått øvd mykje med Edit Poly i dinne oppgåva og lært litt meir om å bruke Vertex og Scale saman.

Dag 3:

Etterpå begynte eg på å lage rommet ved bruk av Plane, Edit Poly og Extrude. Eg fylgte tilleggsvideoane om korleis bygge ei leiligheit og det gjekk ganske bra. For meg som er so pirkete på at alt skal vere nøyaktig oppmålt og tenke ikkje før eg begynde på eit objekt tar ting kanskje dobbelt so long tid:/ Kanskje eg må ta å finne ut om ej bør droppe den nøyaktigheita, hehe.

Dag 4:

Eg laga eit sofabord ved bruk av Line og Fillet for å få bue på bordkanten. Ved å bruke Extrude fekk eg bredda på bordet.

Eg laga to lampeskjerm ved å bruke Line og Lathe. Referansebilde til den eine fann eg på bolia.no. Det tok litt tid å få forma den eine lampen, kanskje det hadde vore like greit å brukt Cylinder og Splica den, men eg er litt usikker på korleis eg hadde måtte gått fram for å få den forma eg ville ha då.

Dag 5:

Eg laga pivoted window og la på materiale med opacity slik dei vart litt transparente. Deretter fann eg referansebilde for eit tv-møbel og laga det ved å bruke Box og align.

Dag 6:

Eg fann eit referansebilde for TV. For å lage TV brukte fekk eg prøvd ut teknikken Edit Poly – Polygon og Insert , og deretter Extrude. I tillegg brukte eg fillett på kantane til Tv-en slik den ikkje vart so firkanta.

Eg bestemte meg for å endre på husplanet sidan det vart litt feil størrelse på sist. Eg la også til ei Pivot door:)

Eg hadde eigentleg bestemt meg for at eg hadde laga nok møblar no, men sidan kjøkkenet mangla vart det ganske tomt so eg tok å laga ei  kjøkkenøya. Den vart ikkje heilt ferdig, men det kan eg gjere ein anna gong.

Sidan det trengst barstolar ved kjøkkenøya leitte eg opp eit referansebilde på Internett og laga ein barstol. Barstolane laga eg ved å bruke Line og Lathe på «stolfoten»  og Line med Extrude på stolsetet, med fillett og smooth vertex på nokre av vertexane.

Kommenter innlegget