Fredagsteikning 2 – Portretteikning

Eg lurte litt på kva eg skulle teikne. Dette er andre fredagsteikninga mi, den første eg skulle teikne når eg følgje boka Å teikne er å se. Når eg er ferdig med boka skal eg sjå tilbake på korleis eg teikna tidlegare og om ein ikkje er ekstremt flink å teikne frå før skal ein ha vorte ein god del flinkare og kanskje endra måte å teikne/sjå ting.

Eg valte å teikne han i Twilight fordi eg ville teikne ei portretteikning og det måtte bli av ein kjendis. Teikninga brukte eg ca. 2 timar og 15 minutt på. Det var ganske vanskeleg å få teikninga lik bildet! Det var behov for mykje skyggelegging og eg trur ikkje proposjonane eg teikna stemte heilt, men eg orka ikkje å bruke meir tid på teikninga. Om eg hadde hatt ein del meir skygge rundt kjeven trur eg teikninga hadde vorte ein god del bedre. Håret vart berre hurti skissa ned, so det veit eg ikkje vart likt. Eg trur augane vart litt for store og kjeven stemme nok ikkje heilt. Munnen teikna eg ikkje så nøye.

Teikning

Teikning

Teikning

Referansebilde som eg brukte zoom på:

Referansebilde

Kommenter innlegget